Sunt bondevett?


Foto: Jeremy Keith (Flickr)

Forbrukarinspektørane engasjerte seg tidlegare i år for å redde høna. Du veit sånne som legg dei egga vi får kjøpt i butikken. Det var veldig bra, for kasting av mat er slett ikkje bra. Det kan umogleg vere andre land i verda som har fleire høner enn Noreg. For det er ikkje reint få fjør som har vorte til minst fem høner her i landet.

I samband med at Dronning Sonja opna den nye gondolbana i Loen nyleg, sa ho

"Vi burde hatt mange, mange fleire gondolbaner rundt omkring i landet, slik at folk som kanskje har litt vanskar med å gå, kan få oppleve noko av alt dette flotte vi no ser rundt oss her".

Dette fall både Den Norske Turistforeining og Naturvernforbundet tungt for brystet. Det høyres skremmande ut vert det sagt.

Les meir:Dronninga får kritikk for gondolutsegn

Sjølvsagt skal vi verne om naturen vår. Sjølvsagt er den urørte naturen noko som dreg turistane til landet. No kjenner eg ikkje Dronning Sonja. Har aldri snakka med ho heller. Men eg er likevel rimeleg sikker på at ho ikkje meiner at vi skal ha gondolbaner opp på kvar ein topp. Kongeparet vårt er no trass alt ganske fornuftige folk. Denne fjøra er det ingen grunn til å lage høner av. Somme stader trur eg det kan gjere seg godt med ei gondolbane.

I 2012 vart kopien av Osebergskipet sjøsett i Tønsberg med kongeparet som vitne. Skipet er bygd på den same måten som i vikingtida så langt råd er, og vert brukt til turar med båtlaget sine egne medlemar, skuleklassar og firma eller institusjonar.

No får vi høyre at på grunn av ei ny forskrift om skipsfart så meiner sjøfartsdirektoratet at denne kopien er å rekne som eit passasjerskip. Dermed vert det ei rekke krav til fartøyet som blant anna at skipet skal ha motor, redningsflåtar og varselskilt om nødutgangar. Berre sånn for ordens skuld - Osebergskipet er i praksis ein stor open robåt. Kvar nødutgangen er lurer nok ingen på, og motor på eit slik skip øydelegg heile poenget.

Les meir: Krev at vikingskipkopi setter inn motor

Det er berre ein ting som slår meg når eg høyrer slikt - kvar vart det av den sunne fornufta?

Lars Sponheim sa ein gong at alle menn burde ha si eiga høne. Kor mange høner det er plass til i gondolbana i Loen, eller på kopien av Osebergskipet veit eg ikkje, men det er nok ein god del. Men no skal ein vist ikkje ha med seg høner på fisketur. Vert dårleg fiskelykke av det, seier dei som har greie på slikt. Men det var for so vidt ein digresjon.

Poenget er at vi treng ikkje gjere saker større enn dei er. Ei fjør er som regel ikkje så mykje anna enn ei fjør.

Vi kan ikkje la oss fange av byråkratiet. Reglar må vi sjølvsagt ha, men det er best for alle at vi beheld, og nyttar, den sunne fornufta vi forhåpentlegvis har fått utdelt. Vi kan ikkje halde fram med å lage reglar som gjev urimelege utslag. Som til dømes 100-metersbeltet som vart innført på grunn av tilstandane langs Oslofjorden og nedover den sørlandske kysten. Greitt nok, men andre stadar, som i Solund, gjev dette inga meining. Det er derimot eit hinder for utvikling.

Senterpartiet seier difor: Vi treng ein tillitsreform - stopp byråkratiseringa. Statlege etatar og direktorat utøvar i dag stadig større innflytelse i saker som krev politisk skjønn. Dette undergrev tilliten til demokratiet, er ineffektivt og konsentrerer makt i hovudstaden og de andre storbyane. Lover og reglar skal vere enkle å forstå og myndigheit skal utøvast nærast mogleg innbyggarane.

Stakkars den kvite mannen



Tomas Moltu, 1. kandidat for Partiet De Kristne Hordaland, føler seg mobba og tykkjer det er vanskeleg å forsvare Nina Karin Monsen, og sine eigne verdikonservative meiningar. Han meiner at behandlinga av verdikonservative i dag er verre enn det homofile har opplevd i Noreg. Eg tykkjer det er vanskeleg å synest synd på den kvite verdikonservative mannen.

Moltu: Det sitter langt inne å forsvare Monsen

Først av alt vil eg sjølvsagt ta avstand frå alle usakelege utspel, som til dømes at nokon meiner at fru Monsen skal gå å henge seg. Slikt høyrer sjølvsagt ikkje heime i ein sakleg debatt, uansett kor urimeleg ein måtte meine motparten er. Når det er sagt, meiner eg langt på veg at Fru Monsen er i grenseland sjølv med sine utspel. Ytringsfridommen står sterkt her i landet, men det er likevel grenser for kva ein har lov å sei. Elles meiner eg fru Monsen sine utspel er så tåpelege at ho ikkje fortener merksemd. Aller minst fortener ho Fritt Ord-prisen.

Mr. Moltu syner i sitt utspel historielausheit av - ja, faktisk historiske proporsjonar. Forbod mot homoseksuelle handlingar var med i dei første lovene som vart skrivne på 1100-talet. Straffa var tap av formue eller landsforvising. Med Christian V Norske Lov av 1687 vart det innført dødsstraff for praktisering av homofili. Forbodet mot homofili varte heilt fram til 1972. Men sosialt har det vore sett på som uakseptert mykje lengre. Noko eg meiner den kvite konservative mannen har mykje av ansvaret for. Endå har vi ikkje vore inne på kva homofile framleis vert usett for andre stadar i verda, men sidan Mr. Moltu refererte til Noreg så tar ikkje vi det no. Men uansett - nei, dei verdikonservative har ikkje så mykje å klage over.

Det vert hevda at ekteskapet mellom mann og kvinne er normalen. Ser ein reint teknisk på det er eg for så vidt einig. Ein må ha ein av kvar for å bere menneskeheita vidare. Utan at eg har statistikk å støtte meg på, antar eg at dei aller fleste er heterofile. Men som eg har vore inne på før - så er det alle desse uransakelege vegane. Sjølv om det er flest heterofile, fins det likevel andre legningar. Det store spørsmålet er - kva er problemet med det? Kva Mr. Moltu gjer på soverommet, og med kven, interesserer meg sers lite. Eg syns ikkje han heller skulle bry seg så veldig mykje om kva andre gjer.

Brev til Knut Arild: She loves you, yeah, yeah, yeah!

Mr. Moltu dreg samanlikningar mellom ekteskap mellom homofile, og polygamy og incest. At det skulle vere like naturleg å nekte homofile å gifte seg, som å forby ekteskap med barn og slektningar. Kva skal ein sei til slikt? Det er nesten som ein vert mållaus. Det er lett å riste på hovudet og la det bli med det. Hadde det ikkje vore for at han er 1. kandidat til stortingsvalet til hausten. Sjølv om det er lite sannsynleg at han hamnar på tinget, må ein likevel krevje ein viss seriøsitet. Incest og polygamy er forbode. Av gode grunnar, og eg ser ikkje føre meg at det skulle bli ei endring på det. Homofili har vore ulovleg, men er det ikkje lenger. Av minst like gode grunnar, og ser ikkje føre meg at det skulle bli ei endring på det heller.

Dei verdikonservative, som dei kallar seg, meiner at ein familie bør bestå av mor, far og barn. At det er det beste for borna. At borna har best av å vite kva opphav dei har. Men kva då med adopsjon? Skal det vere forbode? Kva med aleineforeldre? Skal det vere forbode? Kva skal i så fall skje med dei borna? Skal dei plasserast hos andre? Men vist adopsjon skal vere forbode, så må vel det og verte forbode å vere fosterforeldre? Men kva skal då skje med dei borna som veks opp med foreldre som ikkje tek seg av dei på ein god måte? Vi skal sjølvsagt tenkje på borna sitt beste. Det kan nok vere vanskeleg og komplisert. Men det er ikkje ein debatt som har noko som helst å gjere med kven som giftar seg med kven.

Du, Mr. Moltu, skal sjølvsagt få lov å meine (nesten) det du vil. Eg skal ikkje mobbe deg fordi. Men det eg vil krevje av deg er gode argument. Så langt er dei totalt fråverande. Men vist du har nokre så kom gjerne med dei. Om ikkje anna berre eitt. Eitt skikkeleg godt argument for at homofile ikkje skal få lov å gifte seg. Eg ventar i spaning, men eg redd eg vert ein både gammal og gråkvit mann før den tid. Men verdikonservativ som deg, vert eg nok ikkje.

Drøvtyggaren Stavrum


Foto: Jelle (Flickr)

At han Gunnar ikkje er så veldig begeistra for den norske bonden kjem ikkje som ei overrasking. Men kvifor, veit eg ikkje. I sitt siste innlegg kjem han med lite nytt. Det meste kunne vi lese for eit par veker sidan. I følgje leksikon er drøvtyggarar dyr som "..tygger maten om igjen etter først å ha svelget den én gang". Dette fordi dei har eit kosthald som inneheld lite protein og fett. Dei om det, men det er tydeleg at han Gunnar si oppfatning av landbruket og landbrukspolitikken inneheld lite kunnskap og få argument. Då vert det gjerne slik at ein må tygge på dei same gamle sletne poenga gong etter gong. Såleis er det kanskje ikkje så mykje å kommentere. Utspel frå Frp som, på eit eller anna underleg vis, har fått ansvaret for landbrukspolitikken er og på sin plass å sei noko om.

Stavrum: Meir til bødene betyr dyrere mat

Han Gunnar påstår at meir til bøndene betyr dyrare mat. Då har han ikkje fått med seg at det var faktisk ein ting partane var einige om - nemleg at målprisen ikkje skulle aukast betydeleg. Målprisen er prisen inn til slakteri og andre mellomledd før matvarene hamnar i butikkane.

Men så var det, nok ein gong, denne prisen på mat her i landet. Er den så veldig høg? Det er i alle fall ikkje til å komme i frå at vi i dag, i eit av verdas våtaste og reinaste land, kan kjøpe heilt vanleg vatn i butikken som er dobbelt så dyrt som mjølka. Etter mi meining uforståeleg, men det er vel eit teikn på at vi er villige til å betale for det vi vil ha.

Både han Gunnar og Frp ser ut til å ha gløymt, at Stortinget overprøvde regjeringa i årets landbruksoppgjer. Eit heilt vesentleg poeng er at i dette oppgjeret står det at ein skal redusere inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. Då må ein gje bøndene eit større løft i kroner. Kva dette utgjer i prosent er i grunn lite interessant. Det er som kjent vanskeleg å samanlikne eple og appelsinar, sjølv om begge delar er frukt.

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) meiner regjeringa har strekt seg langt for å få til ein avtale: "Det er ikkje det faktum at vi ikkje ønskjer å gje inntektsvekst til bøndene som er grunnen til brotet. Men ei ansvarleg norsk regjering kan ikkje gå vekk frå moderasjonslinja i ei vanskeleg tid." Eg meinar no bestemt å ha høyrt nokon seie at vi aldri har hatt ei betre regjering og at landet går betre enn nokon gong. Har eg vorte utsett for "fake news" som dei kallar det no til dags? Eg husgar i gamle dagar, altså i fjor, at slikt vart kalla for skrøning. Men eg kan jo sjølvsagt ta feil, at ingen har sagt at dette  er den beste regjeringa "ever" og at landet kanskje ikkje går betre enn nokon gong.

Moderasjonslinje er heller ikkje det første som slår meg når vi høyrer om skattereduksjon til rike, og auka bruk av oljepengar. Det er sjølvsagt mogeleg at Frp har ein annan definisjon av moderasjon enn eg.

Landbrukspolitisk talsperson i Frp, Morten Ørsal Johansen, hevdar at bondeorganisasjonane braut forhandlingane for å gje drahjelp til Senterpartiet i valkampen. Eg vil heller hevde at heller ikkje han har fått med seg resultatet av landbruksoppgjeret. Men at Frp vil ha fokuset vekk frå seg sjølv er nok ikkje så rart. Spesielt i inngangen av ein valkamp. Når vi først er i gong med drøvtygging så kvifor ikkje: Regjeringa har ikkje følgt opp Stortinget sine føringar om at ein skal redusere inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. Resultatet er fort at det er regjeringa sjølv som gjev opposisjonen, Senterpartiet inkludert, all naudsynt drahjelp inn i valkampen.

Meir til bøndene!

Ja, ja Gunnar, så var det på an igjen, som Jan Eggum syng. Det er eg, bygdetullingen, som er ute og - ja, heldt på å sei rir att, men eg skal ikkje skryte på meg ein hest. Ikkje skal eg skryte på meg å vere bonde heller, sjølv om eg er vaksen opp på det som definitivt kjem inn under kategorien småbruk. Berre sånn for å ha det avklart før nokon påstår eg mel mi eiga kake med dette innlegget. Men eg mel for so vidt mi eiga kake i den grad eg er ein av dei som både likar og treng mat for å overleve.

Bygdetulling vart eg forresten kalla i kommentarfeltet under førre innlegg, noko eg har eit veldig avslappa forhold til. Spesielt avsendaren tatt i betraktning, som heilt tydeleg ikkje stemmer på Senterpartiet. Men det er for so vidt heilt greitt. Vi har alle lov å meine det vi vil. Vi er heldige såleis her i landet. Ikkje alle her i verda som har det slik. Om nokon ynskjer å stemme på feil parti så er det faktisk ikkje ulovleg. Eg veit - nesten ikkje til å tru, men slik er systemet her på berget Gunnar.

Gunnar Stavrum: Bøndene klager uten noen grunn

Men skal ein meine noko om ei sak, er det viktig at ein faktisk kjenner til kva saka handlar om. Der må eg sei at du Gunnar ikkje har vore så veldig flink til å legge fakta på bordet. Tvert i mot faktisk. Men det går jo an å gjere noko med det. Det er du sikkert einig i Gunnar. Du veit, rette opp alle feila frå i går. Det var det forresten Alf Prøysen som song litt om, men det viste du heilt sikkert.

Eg kjem ikkje til å gå inn på diskusjonen om vi treng bønder eller ikkje. Det har vi vore inne på før. Visst du framleis er usikker på det kan du lese Egon Holstad sin glitrande kommentar i samband med landbruksoppgjeret i fjor. Den er like mykje gjeldane i år. Utgangspunktet er at vi har bønder, og spørsmålet er kva dei bør få for jobben dei gjer. Men at det er eit komplisert tema er ikkje til å stikke under noko som helst. I alle fall ikkje ein stol.

Ein samla næringskomitè på Stortinget var i samband med landbruksoppgjeret i fjor einige om at ein må rette opp alle feila frå tidlegare år. Altså, dei var samde om at ein skal redusere inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. For det er faktisk det handlar om. Kvar var forresten du Gunnar då det var bøndene som fekk eit dårlegare tilbod enn andre? Kan ikkje huske å ha sett deg skrive noko om det, men korriger meg gjerne om eg tar feil. Ingenting hadde gleda meg meir enn om du faktisk har skrive noko om det. Eller - det var kanskje å ta hardt i. Er forskjellige ting eg kunne gleda meg meir over, men det tar ikkje vi no. Ikkje sikkert alt eigna seg på trykk ein gong.

For å redusere dette gapet må bøndene få ein høgare inntektsvekst i kroner, enn andre grupper. Det er sjølvsagt ikkje heldig å skulle ta att slike ting på kort tid, men no har vi no ein gong komme i denne situasjonen. Dersom vi faktisk vil rette opp att alle feila, så er det ingen annan utveg. Du må gjerne leike deg med prosentar og grafar, men då vert eg denne gongen heilt nøydt til å sitere Benjamin Disraeli: "Løgn, forbanna løgn og statistikk". I staden kan vi sjå på dei faktiske høva for dei to siste oppgjera. Dette står å lese i Nationen, altså ei anna avis, 05.05.17:

  • Inntektsveksten i jordbruket blir i grunnlagstallene regnet til 17.800 kr pr. årsverk fra 2015 til 2016, med en nedgang på 4700 kr fra 2016 til 2017. Samlet vederlag til arbeid og egenkapital pr. årsverk er for 2017 regnet til 360.000 kr inkl. effekten av jordbruksfradraget.
  • Mens snittinntekten i jordbruket på to år har økt med 13.100 kr, har andre grupper i samfunnet fått 21.500 kr i inntektsvekst. Det ifølge tall fra Teknisk beregningsutvalg for inntektsoppgjørene og 2,4% vekst fra 2016.

 

Sjølv dei beste intensjonar må gjere seg gjeldande i utøvande politikk for at dei skal ha nokon nytte. I følgje budsjettnemnda sine normaliserte rekneskap, med føresetnadar frå fjorårets jordbruksoppgjer, er vederlag for arbeid og eigenkapital berekna til 364.700 kroner for 2016. Teknisk berekningsgrunnlag syner at lønna til andre grupper var 524.600 kroner i 2016. Det skulle gje ein differanse på om lag 160.000 kroner. Så kjem du Gunnar og seier at bøndene klagar utan grunn. Men det er ikkje sikkert du visste korleis det er, då du skreiv innlegget ditt. Men no veit du.

Så var det denne prisen på mat her til lands. Du Gunnar hevdar at vi har den dyraste maten i heile verda. Ser at du har ein kompis, Jan Arild Snoen i Minerva, som du lenar deg på i slike høver. Han kjem på eit eller anna vis fram til denne konklusjonen: "Nordmenn er rike. Derfor har vi råd til å betale for dyr mat. Det betyr ikke at mat er billig i Norge". I so fall skulle vel det då gjelde det meste av det vi kan kjøpe her til lands skulle eg meine.

Det som er heilt sikkert er at det er veldig vanskeleg å samanlikne prisnivået vårt mot andre land sitt fordi det er mange faktorar som spelar inn. SSB viser til blant anna forskjell i skattenivå og kva ein får att av statlege og kommunale tenester. SSB har sett opp ei oversikt over kjøpekratspariteten, som er husstandane sine faktiske forbruksmoglegheiter. Enkelt forklart - kor mykje kan vi kjøpe for lønna vi får. Som ein ser så er kjøpekrafta vår om lag den same som i Luxembourg, Sveits, Østerrike og Belgia. Kjøpekrafta i Nederland, Storbritannia og Tyskland er noko høgare, mens Sverige har om lag 15% lågare kjøpekraft.

At det er billegare for nordmenn å handle i Sverige er totalt irrelevant i denne debatten. Det som er meir relevant er kor stor del av utgiftene våre som går med til mat. Utgiftene til mat har gått gradvis nedover heilt fram til om lag år 2000. Deretter har kurva flata ut. Så påstanden om at forbrukarane må lide for stadig dyrare mat held ikkje vatn.

Det er i følgje dei som har greie på slikt vanskeleg å sei kvifor denne kurva har flata ut. Ei forklaring synest å vere at sidan folk har så god råd, så vel dei å kjøpe dyrare matvarer. Akkurat dette kjem godt fram i ein artikkel i Aftenposten 18.05.12. Vedkommande som vart intervjua i denne artikkelen seier: "Vi har råd til den maten vi vil ha. Men ikke sett opp prisene mer for det! Det er mye annen moro vi har lyst å bruke pengene på". Kanskje det er her skoen trykkjer?

No som eg er ferdig med dette innlegget trur eg at eg skal sette meg ut i sola og kjenne på lukta av vår. For meg som bur på bygda med mange bønder som naboar, betyr det i desse dagar gjerne lukta av gylle. Det er altså møk i flytande form. Ein kan sjølvsagt diskutere om dette er ei god lukt, men det er i alle fall ei påminning om at det er nokon som jobbar hardt for at vi skal få mat på bordet - så jo - den er ikkje så verst Gunnar.

 

Forrige innlegg: Komiske Gunnar

 

Les mer i arkivet » Mai 2017
hits